STILLE TIL VAL? Neste haust er det kommuneval. Viss du vil vere med og bestemme utviklinga der du bur, er det nå du må melde deg.
STILLE TIL VAL? Neste haust er det kommuneval. Viss du vil vere med og bestemme utviklinga der du bur, er det nå du må melde deg. FOTO: Gro B. Røiland

– Det er nå du må nytte sjansen viss du vil bestemme i Midt-Telemark

Midt-Telemark har den siste tida fått presentert tre ordførarkandidatar til det neste kommunevalet. Det er i september neste år. Senterpartiet, Høgre og Arbeiderpartiet har funne sine toppkandidatar, som alle er villige til å gjere ein jobb for lokalsamfunnet også i neste valperiode. Det skal dei ha honnør for.

Dei politiske partia er inne i ein travel periode. Nominasjonskomiteane jobbar nå med å fylle opp vallistene som skal vere ferdige i løpet av hausten. Dei listene bør representere innbyggjarane i Midt-Telemark godt, både i høve kjønn, alder og etnisitet. Ein skal helst ha folk som er motiverte, engasjerte og har lyst til å bruke fritida si på lokalpolitikk. Får ein i tillegg kandidatar som er både populære og etelege blant den jamne innbyggjar, er ein kanskje òg heldig med valresultatet neste år.

Det er nå innbyggjarane i kommunen kan nytte høvet viss dei er engasjerte, vil påverke og meiner noko om det som skjer i Midt-Telemark, enten det er bustadbygging, sentrumsutvikling, vedlikehald av vegar, straumstøtte eller kor mykje ein skal satse på helse- og oppvekst. I Noreg er me så heldige at me alle kan stille til val viss me har lyst til å vere med og bestemme og få gjennomført den politikken me trur på og står for. Eller me kan velje fritt kven som skal vere representantane våre ved å stemme på dei. Derfor er det nå ein må nytte sjansen viss ein vil gjere noko med det ein vil få skikk på. Sei ja til å stille på ei valliste, eller start ditt eige parti viss du har lyst på endring! Det må skje nå, så det er viktig å gripe sjansen. Viss ikkje: Bruk stemmeretten og gå i alle fall og stem på det partiet du er mest einig med når stemmelokala opnar neste år.

I Midt-Telemark er det heldigvis mange som meiner noko om det som skjer på ulike arenaer. Det ser ein tydeleg i kommentarfelta i sosiale medium, og i meiningsspaltene i lokalavisa. Me oppfordrar derfor fleire til å tenkje seg om og vurdere å bli lokalpolitikar. Det kan til tider vere ein utakknemleg jobb, men det er ei interessant og lærerik oppgåve, ifølgje mange som har prøvd.

Å ta på seg eit politisk verv er uansett ein viktig jobb, og me skal alle vere både glade og takknemlege for at nokon gjer det for oss. På den måten opprettheld me den aller viktigaste verdien me har i kommunen vår: Det gode lokaldemokratiet der alle kan meine fritt og seie sitt.