PLASS TIL ALLE: Ingen har einerett på Bø sentrum. Her skal det vere plass til alle.
PLASS TIL ALLE: Ingen har einerett på Bø sentrum. Her skal det vere plass til alle. FOTO: Øystein Akselberg

– Ingen har einerett på Bø sentrum. Viss alle viser omsyn, er det plass til alle

Den prisløna TV-serien Rådebank, med viktig fokus på bygda, psykisk helse, sterkt venskap og samhald i rånemiljøet har plassert Midt-Telemark på kartet hos dei fleste nordmenn. Marknadsverdien som serien har gitt kommunen vår har stor verdi, og den er positivt mottatt i dei fleste lag av befolkninga. Den gjev underhaldning, skaper ettertanke, gjer oss stolte og er med på å slette ein del stigma rundt ungdom i rånemiljøet.

Trass i dette går nå debatten heftig på mange arenaer om rånekultur, støy, basskasser og eldre i Bø sentrum. Med TV-serien er det utvilsamt skapt eit bilde av at Bø er rånebygda over alle, sjølv om det finst like store rånemiljø andre stader. Mange i bilmiljøet trekkjer derfor ofte til Midt-Telemark for å treffe andre som også likar seg i bilmiljøet. Det fører sjølvsagt til utfordringar, men treng ikkje vere problematisk viss vanlege spelereglar som alle innbyggjarar må halde seg til blir følgd. Ein bør vere glad for rånemiljøet når det er slik at ungdom som er ein del av denne kulturen har det bra og kan vere seg sjølv der. Men det er òg lov å stille krav til at ungdom i dette miljøet som alle andre skal halde seg til vanlege lovar og reglar, som til dømes nattero innan ei viss tid og eit støynivå som er normalt for ein tettstad eller by der det ferdast folk til alle tider. Gjeldande reglar er det politiet som skal handheve, og dei må òg få gjere jobben sin.

Dei fleste som bur nær eit sentrum, også i Bø, forventar truleg ikkje at det er blikkstille der, og alle som har budd i travle storbyar veit at ein må venne seg til eit visst surr av lydar som alltid er der. Det ein sjeldan opplever i storbyen er derimot basskasser innebygd i bilar som gjer at ein får vondt i kroppen når dei passerer, eller traktorar som har tatt turen frå jordbruksland til sentrum på nattestid. Dei skaper ei litt anna form for støy enn musikk, høglydt latter og vanleg krusing av bilar. Basskassestøyen kan ein skjønne at det kan vere vanskeleg å leve med om natta – uansett alder.

Bø sentrum er ikkje for bare éi gruppe menneske. Sentrum er for alle. Her bør det vere plass for både rånarar og andre bebuarar. Ein kan verken krevje at folk skal flytte på landet viss dei ikkje toler at festlokalet er flytta ut i gatene, eller at det ikkje skal vere ein lyd å høyre i Bøgata i helgene. Derfor handlar det nå om at alle er opne for å finne ei løysing ved å lytte og rett og slett møte kvarandre med forståing og respekt. Å møte kvarandre med sinne eller trass fører ikkje til noko, og det er leitt at kantane har blitt så skarpe at mange ikkje tør ytre seg i saka.