Fast spaltist i Bø blad, Guro Kleppe Høibo.
Fast spaltist i Bø blad, Guro Kleppe Høibo. FOTO: Privat

– Det er nokre heilt unike skattkammer i bygda mi

Min kjærleik for klede og mote var akkurat i ferd med å vakne då Det Gule Hus opna i Bøgata. Det passa som mi eiga hand i ein brukt arbeidshanske med det miljøengasjementet eg då hadde opparbeidd meg. Det Gule Hus og dei andre bruktbutikkane i sentrum normaliserte det å kjøpe brukte klede. Saman med venninner tråla eg gjennom klesstativ etter klesstativ på jakt etter skattar andre ville bli kvitt.

I Bø er det ikkje overflod med klesbutikkar som passar ungdom, eller kanskje det er ungdomen som ikkje passar kleda, for på ungdomsskulen fann ein folk i alle moglege storleikar og fasongar. Særleg er det utfordrande å finne klede som passar både fysisk storleik og mental utvikling. Sidan dette sjeldan heng saman hjå nokon som helst ungdom, kan eg forstå at det er utfordrande å samle klede for alle i ei avdeling. Eg følte meg for stor til barneavdelinga, men fant heller ingen ting som passa i vaksenavdelinga.

Bruktbutikkane er ikkje slik inndelt. Der kan ein velje fritt frå alle storleikar og stilar og komme over all verdas former, fargar, mønster og fasongar, fri frå merkelappar som antyde at dei skulle passe betre til den eine eller andre. Det var ikkje alltid me fann noko, men desto kjekkare når me gjorde det. Det vart som ein skattejakt for å leite etter dei kule kleda. Og visdomen om at du mest sannsynleg var den einaste som hadde dette plagget i Bø, gjorde det det ekstra verdifullt.

Når me er inne på verdi, er jo det også ein god grunn til å handle brukt. Det er veldig billig. Dette kjenner eg på som fyrstegongs flyttar på hybel i Skien der eg skal gå på skule denne hausten. Me treng alt: møblar, ostehøvel og sånn sak ein heng i taket med klesklyper til å tørke sokkar på. Alt dette finn me i bruktbutikkane i Bø, for ein slikk og ingen ting.

Men den viktigaste grunnen til å handle brukt er likevel miljøavtrykket, og det var her det heile starta. Klede står for heile åtte prosent av miljøutsleppet vårt, og det skadar både ved produksjon og bruk. Rask mote (Fast fashion) blømer som aldri før, det dreier seg om å oppfordre til å kjøpe nye klede kvart halvår, kaste det gamle, slik at ein passer det som til ei kvar tid er in. Det er ganske mykje meir behageleg å ikkje vere med på dette hamsterhjulet, og leve langsamare i ei dongerijakke frå 80-talet.

Hovudmålet med denne teksten var eigentleg ikkje å informere om miljøutfordringa med stort konsum av klede, det trur eg dei fleste har fått med seg og veit rekkevidda av. I staden ville eg løfte ein skatt eg ikkje sjølv skjøna verdien av før eg flytta til ein by der den ikkje finst, og det er altså bruktbutikkane. Røde kors, Gjenbruken og ikkje minst Det Gule hus er alle skattkammer i mi bygd.