STÅR SAMAN: Ung Arena Midt-Telemark med Trond Garborg og Anne Marie Kaasa, rektor Jon Helge Bergane, samt leiar og nestleiar i elevrådet, Sofie Tveter og Celine Forberg, gler seg over full pott til Kraftkollektivet. Dei ser fram til gå i gang med prosjektet.
Unni Buverud
Full pott til ungdomsprosjekt – gler seg over to millionar kroner
Bø vidaregåande skule og Ung Arena Midt-Telemark har fått to millionar kroner til fellesprosjektet Kraftkollektivet. Det handlar om førebygging og livsmeistring hjå ungdom.
Vestfold og Telemark Fylkeskommune (VTFK) lyste i vår ut utviklingsmidlar til «Forsterka innsats og samarbeid om inkludering», innanfor ei total ramme på vel 33 millionar kroner.