HØGSESONG: Store mengder eple går til pakking og kjølelager. Straumkostnadane aukar i takt med straumpris og større mengder eple.
Øystein Akselberg
Denne verksemda i Midt-Telemark har sjudobla utgiftene til straum
Hos Telefrukt på Gvarv har straumutgiftene skote i taket. På to år er prisane sjudobla.
Eit av landets største sorterings- og lageranlegg for frukt er Telefrukt på Gvarv. Kapasiteten på sortering og lagring aukar og planar om utviding er også på plass, men med aukande straumprisar skyt også kostadane til straum i veret.