Midt-Telemark kommune ungdomsråd 
F.v. rundt bordet: Aurora Aline Haugdal, Eline Lian, Doha Ali Hamed, Jasmin Kusainova, Eline Momrak, Wisse Renssen, Astrid Horgen og Anne Vågen Bunkholt
UNGDOMSRÅD: Ungdomsrådet i Bø i eitt av sine møte. FOTO: Marta Kjøllesdal, arkvifoto

– Eldreråd og ungdomsråd. Desse utvala er supervikige for lokademokratiet

Ein kan ikkje seie det ofte nok: Me er heldige som bur i Noreg, eit land der alle innbyggjarar i prinsippet kan få meine og seie fritt det dei har på hjartet. I demokratiet vårt står ytringsfridomen sterkt, og det er lagt til rette for at ulike grupper skal ha påverknadskraft når viktige avgjersler skal bli tatt. Lovforslag og andre saker som involverer mange, blir til dømes sendt ut på høyring til ulike relevante instansar slik at ein kan få innspel og unngå blindsoner eller informasjon ein ikkje visste om. 

I Midt-Telemark har me 29 folkevalte som er stemt inn i kommunestyret av rundt 10.500 innbyggjarar. På vegner av oss alle skal dei gjere vedtak som får noko å seie for den enkelte av oss. Me har også ein stor administrasjon som skal setje vedtaka i verk, og som skal handtere økonomi og anna knytt til styring av kommunen. Det me også har, er ei rekkje råd og utval der det ikkje bare sit folkevalte, men også andre representantar frå lokalsamfunnet. Desse utvala er viktige, for dei skal diskutere, gje råd til politikarane og behandle saker innanfor eit visst område. Dei både har og får ekstra kunnskap om kommunale saker innanfor sitt felt, og det er kanskje her den eigentlege politikken foregår. Det er i alle fall i desse utvala at ein først ser på saker som kjem til politisk behandling, og det er her me andre må vere på viss me vil påverke. Når saken kjem til kommunestyret, er ofte løpet køyrt allereie. Derfor løner det seg å følgje med på kva utvala driv med.

I Midt-Telemark er me så privilegerte at me har gode utval som tar oppgåva si på alvor, og som går gjennom både prinsipielle diskusjonar og vanskelege dilemma før dei sender sakene vidare i den politiske kverna. Dei representerer ulike grupper i samfunnet, og kommunen bør vere stolt av at den har både eit ungdomsråd, eit råd for funksjonshemma og eit eldreråd. Dette er grupper som ikkje alltid blir høyrt og som manglar reell makt både i storsamfunn og lokalsamfunn. I vår kommune blir dei derimot både sett og høyrt, og godt er det. Dei tar opp saker som deira grupper er opptatt av, fortel kva dei treng og får blest om det som skjer innanfor deira område. Slik er dei med på å gje fleire ei stemme i lokalsamfunnet. 

Eldrerådet er til dømes ikkje redd for å seie ting rett frå levra, og ungdomen er kreative når det gjeld rekruttering og val av nye medlemmar til rådet. Det kan andre vaksengrupper ha noko å lære av. Derfor skal ein ta vare på desse råda, og også ved neste val sørgje for at alle samfunnsgrupper er godt representert når ein skal byggje kommunen vidare.