TO FINE RØVARAR: Sjørøvarane Ludvig Berntsen Jonskås og Henriette Skjønberg Ottersen, begge 3 år, på Barnas dag. FOTO: Gro B. Røiland
ANIKSTMÅLING: Køen var lang for å få ansiktsmåling. Her er det Aurora Lizette Lund Hult som målar 4 år gamle Gunn Maria Hørte. FOTO: Gro B. Røiland
NYMÅLA: Gunn Maria (4) nymåla og fin, saman med Emma Gonzales Strand (9). FOTO: Gro B. Røiland
PYNTA: Ungdomsskulelærar i Produksjon for scene, Knut Eirik Hult, hadde pynta seg i anledning Barnas dag. Han var på torget saman med elleve elevar som jobba frivillig. FOTO: Gro B. Røiland
LANG KØ: Køen var konstant framfor teltet med ansiktsmåling. FOTO: Gro B. Røiland
FRÅ UNGDOMSSKULEN: Elevar og ein lærar frå ungdomsskulen stod for ansiktsmåling. FOTO: Gro B. Røiland
BAMSESJUKEHUS: Linnea Tollehaugen Solberg (8) hadde tatt med kosedyret Livvi til bamsesjukehuset. Her kunne Ida Tollehaugen frå Bø og Sauherad Røde Kors hjelpekorps og assistent Julie Forberg Johansen hjelpe. FOTO: Gro B. Røiland
LIKE FIN: Den knekte halen er teipa og bamsen Livvi er like fin. FOTO: Gro B. Røiland
BASAR: Barnas dag baud på bodar og basar. FOTO: Gro B. Røiland
FISKEDAM: I dammen på Bø torg kunne ungane fiske badeender. Her har Emil André Hansen (3) fått ei på kroken. FOTO: Gro B. Røiland
FORNØGD: Ein fornøgd fiskar på 3 år. FOTO: Gro B. Røiland
UNG FISKAR: Astrid Elea (2) ved fiskedammen. FOTO: Gro B. Røiland
PREMIEPOSE: Etter fisketur var det premiepose å få. Ungdomsskuleelevar styrte premieutdelinga. FOTO: Gro B. Røiland
HENRY-DOKKA: Henry-dokka, oppkalla etter Røde Kors sin grunnleggar Henry Dunant, er populær blant barn i alle aldrar. FOTO: Gro B. Røiland
LURER: Astrid Elea Isene Laskemoen (2) lurer veldig på kva dette er for type. FOTO: Gro B. Røiland
EIN KLEM: Trygt på armen til mamma Mona Isene, vågar Astrid Elea å ta ein klem av Henry-dokka. FOTO: Gro B. Røiland
SYKKELMEKKING: Side om side med Barnas dag var det sykkelmekkedag på torget. Dag Arvid Aarskog (t.h.) hadde punktert og var lykkeleg for å få hjelp av sykkelreperatør Sindre Flø. FOTO: Gro B. Røiland
SJØRØVARAR: Sjørøvarane Ludvig Berntsen Jonskås (3) og Henriette Skjønberg Ottersen (3) speidar etter ender å fange. FOTO: Gro B. Røiland
SABELFISKE: Ludvig prøvar badeandefisking med sabel. FOTO: Gro B. Røiland
KAKE OG KOS: Barnas dag er hyggeleg for alle. Bebuarar og tilsette på Bø sjukeheim koste seg med kaffi og kake på torget. F.v. Vahideh, Trygve, Anne Grete, Tvelde, Arvid, Marianne, Hans Christian, Marit og Tone. FOTO: Gro B. Røiland
KOSTYMETOG: Kostymetog høyrer med når Røde Kors arrangerer Barnas dag. FOTO: Gro B. Røiland
MED I TOGET: I toget gjekk også Karin Merete Boye frå Bø og Sauherad Røde Kors omsorg. FOTO: Gro B. Røiland

Sjørøvarar og prinsesser i alle aldrar møttest på torget

Folk strøymde til Bø torg laurdag, der Sauherad og Bø Røde Kors omsorg inviterte til Barnas dag. Det var moro for liten og stor.

Publisert Sist oppdatert

– Det er veldig hyggeleg. Her er det folk frå baby i vogn til folk godt opp i åra, seier Karin Merete Boye i Bø og Sauherad Røde Kors omsorg.

Kjære lesar!

For å fortsette må du ha eit abonnement og vere innlogga.

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS