PÅ VEG OPP: Her er Matias Sunde på veg oppover under fjorårets motbakkeløp. – Det er ei tung, men fin løype, og det beste motbakkeløpet eg har løpt, seier Matias. Han stiller til start att på laurdag.
Nina Fåne (arkivfoto)
Matias utfordrar: – Bli med og spring til topps på Lifjell
Laurdag 24. september er det klart for årets store styrkeprøve, motbakkeløpet Glekse opp. Matias Sunde frå Nordagutu stiller til start også i år, og håpar å få følgje av mange andre.
Leiar i IL Skarphedin friidrettsgruppe, Rune Romnes, fortel at det så langt er 38 påmeldte til motbakkeløpet, og det kjem nye kvar dag. Fristen for å melde seg på er heilt fram til start laurdag.