EPLEDRAUM: Frukthagane i Midt-Telemark viser seg frå si beste side i desse dagar.
NYTT TILBODE: Dei som vil inn i frukt og bærnæringa får eit nytt utdanningstilbod. FOTO: Øystein Akselberg

– Det er noko spesielt med frukthagar: Ta turen til eplefesten

Å køyre gjennom Midt-Telemark kommune byr alltid på sterke og vakre synsinntrykk, uansett årstid. Vinter, vår, sommar og haust – det er alltid noko fint å kvile augo på, kor enn i distriktet vårt me er. Her er fjell, skog, elvar og vatn – rett og slett mykje natur å boltre seg i.

Det er likevel noko heilt spesielt med frukthagane. Dei nakne greinene gjev skarpe siluettar om vinteren, og om sommaren byr tre og buskar på solmogne bær. Om våren tek blomstringa mot dei lysegrøne omgjevnadene pusten frå ein, og om hausten bugnar det av eple og plommer som i ulik form skal glede ganer fram til neste sesong.

Med kjøleg klima og lange dagar gjennom vekstsesongen, kan Midt-Telemark by på nokre av dei beste epla i verda. Kvart tredje eple i Noreg blir faktisk dyrka i vår kommune, og gjennom målretta satsing, godt samarbeid bøndene imellom og utvikling av ein samlande og suksessfull eplefest, er fruktmiljøet i regionen i ferd med å setje avtrykk i den nasjonale fruktnæringa.

Eplemost og eplesider som blir laga i Midt-Telemark er av svært god kvalitet. Det same gjeld den aukande produksjonen av sider. Norsk Eplefest har i fleire år tatt initiativ til kåring av Norges beste eplemost, fruktvin og eplesider, og stadig oftare finn ein produsentar frå vårt distrikt blant vinnarane. Det same gjeld andre konkurransar, der både syltetøy, hylleblomst og øl imponerer matdommarar. Næringa markerer seg, og kan måle seg godt med andre sterke produsentmiljø.

Det er også eit spennandet utvikligsarbeid som foregår. Bønder går saman om å etablere tapperi, og lyse hovud utviklar ugrasmiddel og sorteringsmaskiner. Fruktlageret i bygda er dessutan frampå med kjølelager som gjer at ein kan utvide den lokale eplesesongen. I tillegg samarbeider fruktmiljøet med universitetet om forskingsarbeid.

Innbyggjarane i Midt-Telemark har grunn til å vere stolte av dei driftige eplebøndene, og snart kan me alle bli kjent med produkt, smake og sjå på den årlege eplefesten. Mange bør ta turen til fruktbygda i slutten av september. Det blir mykje å glede seg over. God eplefest!