Bygdekvinnene tok eplefesten til Bø sjukeheim
Bebuarar og tilsette ved Bø sjukeheim har òg fått ein smak av eplefesten i Midt-Telemark. Dei har fått kose seg med eplekake som bygdekvinnelaget i Bø baud på, i tillegg til kulturelle innslag.
Det er ein tradisjon at bygdekvinnelaget i Sauherad stiller opp på Eplefesten på Gvarv. I år er også bygdekvinnelaget i Bø med på å spreie ein smak av eplefesten. Det gjorde dei då dei besøkte sjukeheimen torsdag.