Over 2000 fann vegen til årets eplefest – mange gjorde som Torhild og Øyvind
Med fulle posar og eit smil drog Torhild og Øyvind Solbakken heim, godt nøgde etter besøket på eplefestmarkaden på Gvarv. Også mange andre nytta dagen til ein god handel.
Det blei ein strålande haustdag med liv og røre på marknadsplassen ved Gvarv stasjon. Eplefestsjef Mette Haugholt kunne glede seg over at årets eplefest blei ein suksess. Grovtellinga viser at over 2000 besøkande frå fjern og nær var innom i løpet av dagen.