TRENG EIN PLAN: Når eit sentrum utviklar seg fort, treng ein gode planar. Her frå Stasjonsvegen i Bø sentrum.
TRENG EIN PLAN: Når eit sentrum utviklar seg fort, treng ein gode planar. Her frå Stasjonsvegen i Bø sentrum. FOTO: Øystein Akselberg

– Kva slags bygg skal ein eigentleg seie ja til i Bø sentrum?

Midt-Telemark kommune er i rivande utvikling. Særleg kjem dette til syne i Bø sentrum, der det skjer mykje på byggjefronten – heile tida. Både lokale og eksterne utbyggjarar finn det interessant å investere pengane sine i nye prosjekt, og ofte pågår det utvikling av nye, store bygg samtidig i eit område som er attraktivt å satse på.

Mange av innbyggjarane i kommunen ønskjer også vekst. Me vil vere større og ha eit sentrum å rekne med, der me har alt me treng og kanskje enda litt til. Dessutan fører utvikling og interesse frå investorar til både sysselsetting og nye skattekroner, men det betyr også at ein ikkje kan ha det slik som før. Ein må tole at det blir endring, og at sentrumsbildet blir annleis enn ein er vant til. Viss alle skal ha plass, blir det trongare, og det må ein ta omsyn til i utbygging. Det veit dei som styrer kommunen. Derfor blir det lagt planer for sentrumsutvikling, som alle kan uttale seg om viss dei vil, og som utviklarane skal halde seg til.

SVEITSERHUS: Før stod dette huset på ei attraktiv tomt i Stasjonsvegen. Nå er planen å sette opp ein vaskehall her. FOTO: Øystein Akselberg

Det er mykje ein skal ta omsyn til når det er byggjepress. I vårt område må ein til dømes tenkje på både jordvern, avstand til sentrum, fortetting, trafikk og bustadplanlegging. Arealplanen for Bø sentrum legg mellom anna opp til at ein skal byggje i høgda, og at det blir bygd i nokon lunde rette linjer. Det er slik sentrumsutviklinga er tenkt. Å tette ein del rom har nok ikkje sentrum vondt av, for her har det tradisjonelt vore nok av opne «hol» og ingenmannsland som godt toler ei oppgradering med til dømes eit nytt bygg. Det er ofte her det blir problemtatisk: For kva slags bygg skal ein ha i det nye Bø sentrum?

Estetikk er eit vanskeleg tema, og her er det høgst ulike meiningar. Nokre haldepunkt og reglar må ein likevel kunne krevje, samt ein gjennomtenkt plan for korleis sentrum skal sjå ut, der både kommunen og næringslivet er på banen. Her må dei som bestemmer halde tunga rett i munnen og vere modige. Ein treng ikkje ukritisk takke ja til alt når investorane lokkar. Å ta vare på noko er ikkje å vere bakstreversk, og det å ønskje ny utvikling treng ikkje krasje med ønsket om å ha eit hyggeleg sentrum. Men ein må tenkje. Ein må vurdere om nybygg som er høge ligg godt og fint i terrenget, og om dei passar inn i omgjevnadane elles. Ein må tenkje gjennom korleis tomta for utbygging ser ut, kva for eit hus ein vil byggje der og funksjonen det skal ha.

Akkurat nå blir bygging av Burger King diskutert, der bilen vil ha høg prioritet. På nabotomta er det planar om ein vaskehall. Er til dømes det rette løysinga for ei sentral sentrumstomt, når ein likevel kan køyre til slike bygg?