UT PÅ TUR: Nokre av dei som gjekk 5 kilometer-løypa, frå venstre Marthe Beate Nilsen (Idrettspedagog og Aktivinstruktør på Pusterommet), Mary Anne Aune, Toril B. Landsverk, Birgit Grivi, John Anfinn Sunde (brukar av pusterommet), Aud Helene Stokland (brukar av pusterommet), Anne Grete Moen, Jorunn Gustavsen.
Privat
Denne gjengen trassa regnet og tok oppfordringa på alvor
20 deltakarar la ut på tur i skogane på Nordagutu på AKTIVdagen, for å markere kampen mot kreft.
Aktiv mot kreft feirer 15-årsjubileum i år. I den samanheng blei alle Pusterom oppmoda til å invitere til tur med sitt lokalsamfunn på sjølveste AKTIVdagen 23. september.