– BLI MED PÅ KROA: Wisse Renssen, Aurora Aline Haugdal, Eline Ågedal Lian og Doha Hamad vil ha unge mellom 13 og 19 år med på Kroa torsdag. Da er det val til nytt ungdomsråd, gratis mat og underhaldning.
– BLI MED PÅ KROA: Wisse Renssen, Aurora Aline Haugdal, Eline Ågedal Lian og Doha Hamad vil ha unge mellom 13 og 19 år med på Kroa torsdag. Da er det val til nytt ungdomsråd, gratis mat og underhaldning. FOTO: Gro B. Røiland

Frir til unge midt-telemarkingar: – Bli med på valdag med pizza og kahoot

– Du treng ikkje ha erfaring, du må bare vera engasjert og ha lyst til å bidra. Det er meldinga frå Wisse, Aurora Aline, Eline og Doha, som vil ha fleire med i ungdomsrådet.

Torsdag ettermiddag er det val av nytt ungdomsråd i Midt-Telemark kommune. Mens rådsmedlemmene tidlegare har vore henta frå elevråda på skulane, er det for fyrste gong val til ungdomsråd.

Det skjer på Kroa, med mykje opplegg rundt. Studentkroa er leigd for fire timar. I tillegg til val, skal det vera sosialt.

– Me satsar på eit kult og artig arrangement, seier nestleiar Wisse Renssen, som lokkar med gratis pizza til alle som stemmer, kahoot med premiar og underhaldning med stand up-komikar Hallvard Dyrnes.

Treng mange nye

Midt-Telemark ungdomsråd består nå av åtte medlemmer. Seks av dei er ferdige i rådet, mens to tek gjenval. Det er derfor behov for mange nye kandidatar.

Wisse er ein av dei som vil vera med vidare. Han håper mange vil stille til val.

– Dess fleire, dess betre, seier Wisse.

Dei som nå er i ungdomsrådet kom inn fordi dei sat i elevråda på skulane. Dei visste ikkje kva ungdomsrådet var før dei kom inn, fortel Wisse og Aurora Aline Haugdal.

Dette vil dei endre på. Valdagen på Kroa er del av det å få ut informasjon om kva ungdomsrådet er og engasjere ungdom til å bli med.

Lærerik og god erfaring

Einaste krav for å stille til val er at du er mellom 13 og 19 år og bur i Midt-Telemark kommune.

– Du treng ikkje erfaring, berre vera engasjert, seier Wisse.

– Du bør ha lyst til å bidra til å gjera kommunen best muleg å bu i, spesielt for ungdom. Viss ungdom har saker dei er opptatt av, er det berre å bli med i ungdområdet, seier Aurora Aline.

Etter 2 1/2 år trekker ho seg nå ut.

– Eg føler at eg har gjort mitt og vil fokusere meir på skule, men det har vore veldig gøy. Me har snakka om mange saker, ein får vite meir om kommunen og me har blitt godt kjent med kvarandre. Ein lærer mykje, og det er ein god erfaring å ta med vidare, seier Aurora Aline.

Skal vere brubyggjar – Eg er heldig som har fått denne rolla, seier Karin

Blir tatt på alvor

Dei siste par åra har Midt-Telemark ungdomsråd brukt mykje tid på det formelle og å tilrettelegge for seinare råd. Ungdomsrådet har peika ut retningsliner for kva det skal drive med, utarbeidd eit mandat og fått det godkjent av kommunestyret.

Medlemmene i ungdomsrådet føler at dei har påverkningskraft og blir høyrt.

– Det er gøy at me blir tatt på alvor. Politikarane er veldig opptatt av kva me meiner om saker, seier Aurora Aline.

Ein flip flop, oppvaskkost og eit par traller – det blir brukt for å lokke unge til valet