Leo prøvde seg som forskar: – Sjå, her er mitt DNA
Saman med andre 7. klassingar frå Midt-Telemark og Nome, fekk Leo Stangeland Jørgensen frå Folkestad skule prøve seg som forskar under forskingsdagen ved USN i Bø.
Forskingsdagane 2022 er ein nasjonal festival i regi av Norges forskningsråd, der forskarar over heile landet viser fram forskinga si til folk flest. Formålet er at folk skal bli kjend med USN (Universitetet i Søraust-Noreg) si forsking og korleis ein kan løyse utfordringar og skape ei betre verd gjennom forsking. Årets tema er vatn.