OPPFORDRAR TIL Å LESE MEIR NETTAVIS: Hilde Eika Nesje, redaktør i Bø blad - lokalavis for Midt-Telemark.
OPPFORDRAR TIL Å LESE MEIR NETTAVIS: Hilde Eika Nesje, redaktør i Bø blad - lokalavis for Midt-Telemark. FOTO: Gro B. Røiland

– Poenget med å gje statsstøtte til media handlar om å styrke det norske mediemangfaldet

Medietilsynet foreslo nyleg å auke støtta til små medium og inkludere deler av fagmedia i tilskotsordninga for innovasjon og utvikling. Forslaget kjem fordi ein ønskjer at dei minste media skal klare å gjennomføre prosjekt som dei tidlegare ikkje har hatt mulegheit til å arbeide med. Forslaget vil òg bety at fleire ulike medium vil få mulegheit til å få støtte.

Heile poenget med å gje statsstøtte til media handlar om å styrke det norske mediemangfaldet og den opplyste samtalen i det offentlege rom. Den eigentlege pressestøtta er momsfritaket som alle medium i Noreg har, basert på grunntanken om at ein ikkje skal skattleggje det frie ord, men stimulere til at flest muleg frie og uavhengige medium kikkar makta både nasjonalt og lokalt i korta. Ein skal òg sikre at alle borgarar kan få ytre seg, og det skal dei få gjere i eit klima der ansvarlege redaksjonar skaper låg terskel i ytringsrommet, men òg har ei etisk ansvar for det som blir ytra.

I tillegg til momsfritaket deler Medietilsynet ut eit såkalt produksjonstilskot til medium som opererer i marknader som ikkje er berekraftige, eller som er i ein vanskeleg konkurransesituasjon der ein vurderer mangfaldet som viktig. Også nokre nisjeaviser kjem inn under denne støtteordninga fordi dei dekker saksområde i såkalte nasjonale blindsoner, og som ikkje blir følgd godt nok opp av andre riksmedium.

Den nyaste ordninga innanfor støttetiltak til norske medium er innovasjons- og utviklingsstøtta som skal stimulere til redaksjonell, innhaldsretta innovasjon og utvikling i særleg dei minste nyheits- og aktualitetsmedia. Det er Medietilsynet som fordeler støtte gjennom denne ordninga, som har eksistert sidan 2018. Rundt 20 millionar kroner har blitt delt ut til dette årleg.

Det nye forslaget frå regjeringa handlar altså om at fleire fagmedium kan bli innlemma i denne ordninga og at dei minste media får eit mindre eigendelskrav. Det har vore noko høgt for dei minste og uavhengige avisene, og har ført til at mange ikkje søkjer denne støtta, som mellom anna kan gjere dei betre på digitale flater.

For Bø blad – lokalavis i Midt-Telemark er dette godt nytt. Å stå aleine som liten og ikkje ha ein giganteigar i ryggen gjev stor fridom, men kan òg vere svært utfordrande.