VEKAS BARNEPRAT: Helena har tankar om det meste.
VEKAS BARNEPRAT: Helena har tankar om det meste. FOTO: Unni Buverud

Helena (5) vil fange tjuvar når ho blir vaksen

Helena  veit kva ho skal bli, politi, for ho vil ta tjuvar.

Kva likar du aller best?

– Eg likar å sykle fort, køyre gokart, og lage snømann om vinteren

Kva skal du bli når du blir vaksen?

– Hmm, eg vil vere politi, for eg vil ta tjuvar

Kor kan du tenkje deg å reise?

– Ut i skogen her, i begge skogane ved barnehagen, og til Sommarland og Gullbring

Kva gjer du på fritida?

– Då leikar eg med lego og bil

Kva likar du å lese?

– Peppa Gris, faren min les og eg søv

Kva ville du teke med til ei øde øy?

– Stol, paraply så det ikkje blir for mykje sol, og is og juice.