Telemark tingrett, Notodden
Marta Kjøllesdal
Ignorerte skilt på Bø stasjon – no er mannen dømd
Politiet oppdaga fleire bilførarar som ikkje retta seg etter reglane. No er ein av dei dømd i retten.
Då Telemark tingrett vart sett på Notodden 19. september skulle ein mann i 20-åra frå Kongsberg møte som tiltalt. Det gjorde han ikkje. Sidan han ikkje hadde godkjent fråvær og det ikkje låg an til at han ville få fengsel i meir enn eitt år gjekk likevel rettssaka.