Telemark tingrett, Notodden
Marta Kjøllesdal
Slo til ein annan på fest: Blir straffa, men får rabatt for samarbeid
Ein mann er dømd for å ha brukt vald mot ein annan, der fornærmar fekk blant anna skade i augehola.
Den fornærma kom til ein fest der han i utgangspunktet ikkje var ønska, men fekk bli. Seinare på kvelden blei han slått ned av ein av dei som var på festen. Den fornærma skal ha blitt slått to til tre gonger i ansiktet med knytt neve. Slaga trefte blant anna i augeregionen.