STRAUMSTØTTE: Straumstøtte til blant anna Merkurbutikkar er eit av punkta regeringa og SV er einige om 

KREVJANDE TIDER: Høgare straumutgifter er bare ein av utfordringane innbyggjarane i Midt-Telemark møter nå.
STRUMPRISEN STIG: Prisane på kraftmarknaden går opp og det får kundar også i Telemark merke. Bilete av nokre kraftlinjer er henta frå Breisås. Foto: Øystein Akselberg
STRAUMSTØTTE: No er det klart korleis straumstøtta i Midt-Telemark blir. FOTO: Øystein Akselberg

– Verda har blitt meir krevjande – er me rigga for å takle det?

Det ser ut til å bli ein tung haust og vinter. Mørke skyer heng over verda, landet vårt og lokalsamfunnet. Me har nett vore gjennom ein lang og krevjande pandemi, som forhåpentleg har fått oss til å tenkje og rigge oss for neste helseutfordring i lokal- og storsamfunn. Me bør vere førebudde, for slik verda er nå, blir det truleg ikkje den siste pandemien me har sett.

Og det stoppar ikkje der – det står problem og utfordringar i kø overalt nå. Det er mykje uvisse blant folk.

Drivstoff har blitt dyrt. Det skaper utfordringar for ulike typar verksemder som er avhengig av det, og folk flest, særleg i distrikta der kollektivtilbodet er dårleg. Straumkrisa trengjer seg òg på, og nå byrjar ein verkeleg å sjå konjunkturane av kva den kan føre til. Vinteren kan bli hard både for vanlege innbyggjarar, reiseliv og næringsliv i vårt distrikt. I verste fall vil fleire lokale foretak gå dukken. Vanskelege tilhøve i næringslivet kan føre til konkursar, som igjen vil føre til arbeidsløyse. Det kan på lang sikt bli svært dyrt for Midt-Telemark kommune.

Ikkje nok med det. Me privilegerte vest-europearar har fått ein krig i fanget, som skaper usikre tider på mange frontar. Det blir meir kostbart å bu, dyrare å ete og mindre rom for forbruk og luksus. Det kan bli hardt for eit folk som dei siste 30 åra har levd i annleis-landet der det meste har peika oppover i lang tid. Den nye situasjonen vil krevje noko av oss alle, ikkje minst ei stor omstilling. Spørsmålet er korleis me vil takle det.

Dei som sit ved makta både nasjonalt og lokalt har eit stort ansvar nå. Dei må ha politisk teft, vere forhandlingssterke, kløktige og kloke for å finne dei beste løysingane for både kommunen og folka som arbeider og bur i den. Førebels kan dei støtte seg på at me bur i eit land som fortsatt har ein stor pengesekk og mulegheiter til å gjennomføre redningsoperasjonar, men dei er nøydd til å ta nokre handlekraftige grep temmeleg snart.

Me andre må nok òg byrje å rigge oss for ei annleis verd å leve i. Me kjem truleg ikkje tilbake til det me hadde på ei stund, og dei siste åra har me sett kor sårbare det velutvikla samfunnet vårt er. Sjølv om mange ennå sit godt i det, må nok dei fleste gjere justeringar i måten ein lever på framover. Om me kan takle motgangen vil vise seg nå.

Me får håpe at leiarane våre er samlande og at lokalsamfunnet viser sin styrke og nærleik ved at me hjelper og støtter kvarandre når det knip framover, og at særleg dei som treng det aller mest får den hjelpa dei treng.