A
Nå inviterer Morten til rally for både råners og syklistar
I råne- og sykkelbygda går alt an. No får Midt-Telemark sitt eige rallyritt både for folk i bil og dei som sverger til pedal. Dette er eit rallyritt der det ikkje handlar om å køyre fort.
Forening for motorinteresserte i Bø og omegn med Morten Febakke i spissen går i bresjen for historias første Midt-Telemark Rallyritt. Med på laget er Komité for frivilligåret i Midt-Telemark kommune og Sentrumsringen i Bø.