D
Dette gamle huset har truleg rekorden: Har blitt flytta mykje rundt i kommunen
Det gule huset eller Ytterbø som er det rette namnet, er det eldste huset i Bø sentrum. Ytterbø må samstundes ha rekord i Bø når det gjeld flytting. Bygningen kjem opphavleg frå Veirud, og det var truleg her Frederikke Rye (syster til den meir kjende Olaf Rye) budde i omlag tjue år til ho døydde i 1857.