K
Jan Birger er fyrstemann ut på Midt-Telemark si nye konsertscene
Sauherad frivilligsentral opnar ein ny scene for musikk og føredrag. Fredag kveld er det premiere, og Jan Birger Akerhaugen er fyrstemann ut.
Dagleg leiar på frivilligsentralen, Lisa Dawn Aarnes, vil ha fleire folk inn på frivilligsentralen. Det er baktanken med det nye konseptet som ho kallar Kjernefredag. Ein fredag i månaden skal det skje noko kulturelt på Kjernehuset.