INSTRUKSJON: Her er Sebastian Hyvik (lyst hår) og Arvid Brendlien i aksjon med instruktør Anne Lene Andersen.
Peter Jørgensen
Får meir kampsport på programmet – nå kjempar dei på brasiliansk vis
Bø Ju Jitsu-klubb har skifta namn til GFTeam Telemark. I namneendringa ligg det ei nysatsing på fleire ulike kampsportar.
I haust bytta Bø Ju Jitsu-klubb namn til GFTeam Telemark, og er nå knytt til organisasjonen gjennom GFTeam Sandefjord. GFTeam står for «Grappling Fight Team», og kjem frå namnet på organisasjonen som først blei danna i Brasil.