Er du ung og driv med idrett eller kultur? Veit du om nokon som fortener kulturprisen? Utval for oppvekst og kultur i Midt-Telemark har nå lyst ut ungdomsstipend og kulturpris for 2022 med 20. oktober som frist for å søke stipend og kome med kulturprisforslag.
Ungdom må sjølve sende inn søknad med omtale av prosjekt, cv eller anna dokumentasjon, og kulturprisforslag med solid grunngjeving sendast til post@mt.kommune.no innan 20. oktober.
– Alle kan sende inn forslag på gode kandidatar, opplyser kultursjef Hilde Pedersen.
Oppvekst- og kulturutvalet er også jury. Kulturpris og stipend vil bli delt ut av ordførar Siri Blichfeldt Dyrland og utvalsleiar Evy Beate Stykket i kommunestyrets desembermøte.
To stipend
Kommunens to ungdomsstipend er for ungdom mellom 16 og 23 år, og dei skal vera til inspirasjon for vidare utvikling i fag eller interessefelt som til dømes musikk, dans, visuell kunst, scenekunst, samfunnsliv, litteratur, idrett eller friluftsliv.
Kulturprisen skal gå til ein eller fleire personar som over tid har markert seg og/eller bidratt til fellesskapet innanfor kunst-, kultur-, idretts- eller friluftsliv i kommunen.
I fjor fekk Mari Haugenes Elvestad og Mathea Axelsen Lie ungdomsstipenda. Kulturprisen gjekk til Jon Jarle Haugen.