SERIESTART TIL HELGA: Skarphedin volleyball sitt herrelag fossa igjennom 4. divisjon sist sesong. No er dei klar for 3. divisjon.
Arkivfoto
Seriestart i helga: I år stiller klubben lag i alle klasser
Sundag er det seriestart for det nyopprykte herrelaget i volleyball i 3. divisjon. To av spelarane er i skotet både på landslag og eliteserielag.
Det er full fart for Skarphedin volleyball, året rundt, og det blir spela både i sand og inne i hall. Klubben har fleire unge spelarar som utmerker seg og som er aktuelle for både landslag og sine respektive klubblag. I tillegg spelar dei for heimeklubben Skarphedin i 3. divisjon.