ANSIKTSLØFT: Rindegården er kjøpt opp av familien Mæland. Nå får den ny farge, og dét snakkar folk om.
ANSIKTSLØFT: Rindegården er kjøpt opp av familien Mæland. Nå får den ny farge, og dét snakkar folk om. FOTO: Øystein Akselberg

– Grønfarge på sentrumshuset har blitt ein snakkis fordi folk bryr seg om korleis sentrum ser ut

Nye stor-huseigarar i Midt-Telemark tek grep i Bøgata. Dei har kjøpt to sentrale og dominerande forretningsbygg i Bø sentrum, og nå skal det eine til pers og få ei ansiktsløfting. Huset har stått gråkvitt og trist i mange år, og har som fleire andre sentrumsbygg hatt behov for litt fornying, kanskje særleg i fargevalet. Nå skal huset bli grønt, og såleis gli inn i jordfargeskalaen som også mange av dei nærliggande naboeigedomane er smykka i.

Det viktigaste grepet huseigarane har gjort når dei først har bestemt seg for å pusse opp, er faktisk å nytte seg av eksperitise og gode råd. Ein lokal interiørekspert og ein rådgjevar i målebutikken har fått jobben med å velje farge til huset, tilpasse og prøve seg fram slik at det store bygget skal gli godt inn i miljøet. Dei tør å tenkje nytt og gjere ting annleis, og dei har ikkje minst ein tanke med kva dei gjer.

Dei to damene har tidlegare flagga at sentrumshusa i Bø bør vere meir samstemte, og helst innanfor same fargeskala slik at det blir meir heilskap og harmoni i sentrum. For tre år sidan fekk dei oppdraget med å velje farge til huset der Apotek1 held til, og valte ei jordfarge som heng saman med det brune treverket i Skogen-kvartalet. Ikkje alle syntest det var fint da, men slik er det med fargar; ikkje alle har same smaken.

Poenget er at det som blir gjort er gjennomtenkt og heng saman. At folk har lyst til å vere ein plass, slå seg ned og trivst i eit område er ikkje tilfeldig. Det handlar om samstemte løysingar, og der har fortsatt Bø sentrum fortsatt ein liten veg å gå, sjølv om det nå hjelper seg veldig med både fleire tre og plantar, benkar, torg, tun og kaféar. Det må til viss ein vil ha folk til å bruke tid i sentrum og ha det som ein hyggeleg møtepass.

At oppussing og oppgradering av sentrum betyr noko for folk flest er det liten tvil om. Innbyggjarane bryr seg om korleis det ser ut der dei bur, og dei heiar på dei som gjer det triveleg. Grønfarga på Rindegården i Bøgata har allereie blitt ein snakkis, og det er i stor grad ein positiv snakkis. Folk likar det dei ser. Dei likar òg nye kaféar som skaper liv, og dei få hyggelege uteromma ein kan slå seg ned i.

Engasjementet boblar òg hos midt-telemarkingane når nye bustadprosjekt og utbyggingsplanar blir presentert, og det er delte meiningar. Nokre ønskjer byutvikling og større hus velkomen, andre likar betre den gamle småhusstilen. Nokon tenkjer først og fremst næring, andre er meir opptatt av estetikk.

Uansett kva ein meiner om sentrumsutviklinga er éin ting sikkert: Folk vil alltid trekkje mot hyggeleg stadar, og fargar påverkar oss. Det gjeld også i sentrum.