PLATEAKTUELL: Sigmund Holtskog (52) skal gje ut to plater i haust..
Privat
Sigmund spelar i to band. Begge er plateaktuelle i haust
– Me var heldige som hadde ei så bra platesjappe, og ein bra konsertstad som også let oss sleppe til og varme opp for meir kjente band, seier Sigmund Holtskog (52), bortebuar i Oslo.
Når flytta du frå Midt-Telemark?
– Først budde eg og to vener nokre månader i London i 1989. Så kom me tilbake i 1990, før eg flytta til Oslo i 1991. Sidan den gong har eg jobba i radiOrakel, dBut Records, Norsk lokalradioforbund og nå jobbar eg i administrasjonen på ein kulturstifelse som heiter Grünerløkka Lufthavn. Her tilbyr me atelier for kunstnarar, øvingsrom for band, eit galleri som heiter Galleri 69 og ein konsertstad som heiter MIR. I tillegg har eg opp gjennom åra gitt ut plater og turnert land, strand og utland med banda Palace of Pleasure og Legs 11.