FORTVILA: Senterleiar Tove Bringa fortviler over all hærverket som blir gjort av ungdom på Bøsenteret.
Unni Buverud
Senterleiaren er lei av hærverk – no samarbeider ho med politiet
– Denne hausten har vore ille. Me opplever stadig at ungdom gjer hærverk her inne på Bøsenteret. No samarbeider me med førebyggjande avdeling hjå politiet, seier senterleiar Tove Bringa.
Kvar dag etter skuletid strøymer ungdom inn på Bøsenteret. Det synest senterleiaren er heilt ålreit så lenge dei oppfører seg skikkeleg. Men den siste tida har det vore mykje hærverk.