ALLE KAN BIDRA: me må omstille oss, og vere med på å bidra til straumsparing.
ALLE KAN BIDRA: me må omstille oss, og vere med på å bidra til straumsparing. FOTO: Jose Bakker

– Nå er det tid for sparing, og me må alle omstille oss

Me må slutte å bli så sjokkerte. Me må slutte å klage og leite etter ein eller annan som kan løyse problema våre, anten det er staten eller kommunen, naboane eller nokon andre. Me må slute å stille krav opp og i mente. Så sant me kan og er i stand til det, må me alle nå ta tak i eige liv og gjere noko med det sjølv. Me må bidra. Me kan ikkje gå rundt i Midt-Telemark å tru at verda ikkje skal forandre seg, eller at me ikkje skal merke konsekvensane av at det er nedgangstider, krig, straum- og drivstoffkrise. Me som er nordmenn har det godt relativt sett og me er nøydd til å innsjå at alt det som skjer i samfunnet også vil påverke oss på ein eller annan måte framover. Me må førebu oss, og kanskje endre på vanane våre. Det må endring til.

Sjølvsagt er det mange som slit allereie, og som treng støtte både økonomisk og praktisk. Dei skal me ikkje gløyme – det er dei som treng fokus når det er snakk om å få hjelp. Det gjer ikkje alle me som kan klare oss. Me kan kanskje heller vende blikket mot andre som medmenneske og spørje kva me kan bidra med, i staden for å rope etter det offentlege og stille ei heil rekkje krav, for det er me ganske flinke til i dette landet. I staden for å bli sjokka over at det blir litt kaldare heime og på jobb, bør me tilpasse oss litt. Verda går ikkje under viss me må kle på oss ein ekstra genser og varme sokkar inne.

Viss ikkje Midt-Telemark kommune allereie er i gang med det, bør den sette i gang sparetiltak så snart som råd. Om den kan spare straumutgifter ved å senke temperaturen litt på offentlege kontor, arbeidsplassar og skular, bør kommunen gjere det. Viss danskane kan leve med innetemperatur på 19 grader, kan også me det. Og viss storbyen Berlin kan klare seg med færre opplyste gater, flaumlys på offentlege pyntebygg og halvmørke butikkvindauge, så kan også lokalsamfunnet her gjere det.

Heime kan me bruke lys og varme i dei romma me oppheld oss i, me kan dusje litt mindre, kjøpe bare den maten me et opp og gå litt meir. Alt vil hjelp litt på forbruk, og det er ikkje sikkert livet blir så ille likevel. Desse små grepa er i alle fall ikkje noko å klage på. Me kan også dele litt – hjelpe dei som slit. Vere meir medmenneske i kvardagen. I staden for å spørje kva lokalsamfunnet kan gjere for meg, kan me heller seie: Kva kan eg gjere for lokalsamfunnet?

God sparing!