Anne Tharaldsen Haugen (28) flytta frå Bø som 20-åring.
Privat
Anne (28): – Eg trur eg er ein god ambassadør for Midt-Telemark
– Eg ville inn til hovudstaden for å leve med og studere kunst. Det seier bortebuar Anne Tharaldsen Haugen (28), Ho flytta frå Bø som 20-åring.
Når flytta du frå Midt-Telemark, og kvifor flytta du?
– Eg flytta til Oslo i 2014, då eg var 20 år gammal. Eg ville inn til hovudstaden for å leve med og studere kunst. Eg studerte på OFKS som fokuserer i hovudsak på fotokunst og analog fotografi. Ved å jobbe analogt tek ein seg litt betre tid, tenkjer over motiv og komposisjon og sjekkar over innstillingar ein ekstra gong før ein skyt. Sidan har det vore utstillingar og jobb i forskjellige galleri.