Anne-Inger Lunner under messa i Nes kyrkje under pilgrimsvandringa i 2022.
Hilde Eika Nesje
– Kva vil du at kyrkja skal vere for deg?
Det er tysdag og eg sit på kontoret på Nes menighetshus. Eg har ein del administrasjon eg må gjere, og må difor vere i nærleiken av ein pc, men tidlegare på dagen var organisten og eg på bygdeheimen og heldt andakt. Organisten spelte «Autumn leaves» og eg las eit haustdikt av Inger Hagerup. Vi song salmar og songar, las frå Bibelen og bad Fadervår saman. Andaktane på institusjonane i bygda er eit viktig arbeid; når folk av ulike grunnar ikkje kan kome til kyrkja, må kyrkja komme dit dei er.