MØT OPP! Kvinner blir oppfordra til å ikkje sløyfe mammografitimen sin.
Brystkreftforeningen
– Møt opp til mammografitimen din
I ein hektisk kvardag er det enkelt å utsetja ein brystkreftsjekk når du kjenner deg frisk. Likevel kan det vere akkurat den timen som reddar livet ditt.
Eit tilbakeblikk til februar 2020, rett før koronapandemien stengjer ned heile landet: Katrin Moen (52) får invitasjon til sin aller første mammografitime. På dagen for timen er det eit frykteleg snøvêr. Ho har fått time tidleg på morgonen, og ho er usikker på om ho skal orka å køyra heile vegen til sjukehuset berre for å ta ei brystundersøking. Ho ringer mora si: «Mamma sa eg burde reise, og heldigvis gjorde eg som ho sa». Kort tid etter får Katrin påvist brystkreft. Det hadde ikkje gått bra dersom ho ikkje hadde tatt mammografiundersøking då ho gjorde. Kreften var veldig aggressiv, men svulsten ikkje mogeleg å kjenne.