FILMMANN: Bøheringen Thorkild Schrumpf har jobba som manusforfattar i 14 år. Sjansen er stor for at du har sett noko han har skrive.
Privat
Thorkild fekk idéen i sjukesenga – nå har han fått mange millionar til prosjektet
Thorkild Schrumpf (42) frå Bø skriv nå manus til ein ny heilaftans animasjonsfilm. Nyleg blei filmprosjektet tildelt 16 millionar kroner frå Norsk Filminstituttt.
Thorkild har skrive for TV i mange år. Nå får han millionar til eit nytt prosjekt. «CysteMfeil» heiter filmen, som ifølgje Norsk Filminstitutt (NFI) er ein hyggeleg familiefilm om kreft, død og verdas undergang.