SJAUING: Lærar for gymnaselevane, Beate Vik Fjelldalselv jobbar dugnad. Her tek ho i eit tak i Gullbring.
SJAUING: Lærar for gymnaselevane, Beate Vik Fjelldalselv jobbar dugnad. Her tek ho i eit tak i Gullbring. FOTO: Bø blad, arkiv

– Har yngre blitt dårlegare til å bidra med frivillig arbeid?

2022 er offisielt erklært som Frivilligåret. Det er eit år der både det offentlege og næringslivet har blitt oppfordra til å setje fokus på alt det frivillige arbeidet som blir lagt ned i landet vårt, og kva for verdiar dette arbeidet utgjer. Utan frivillig arbeid er det mykje som vil gå tapt i alle norske lokalsamfunn.

Bø blad – lokalavisa i Midt-Telemark, har også valt å setje fokus på det mangfaldige og store frivillige arbeidet som blir gjort av engasjerte og dedikerte eldsjeler i lokalsamfunnet. Kvar veke heile dette året har me presentert frivilligheit i ulike former, og lokale lag har fått presentere seg sjølv i avisspaltene. I løpet av alle desse vekene, har me møtt grunnfjellet i det frivillige arbeidet. Me har snakka med kjernen – dei som driv arbeidet og sørgjer for at me har så mange tilbod å boltre oss i og vere med på i denne kommunen. Og me har blitt imponert. Det er ikkje få arbeidstimar som blir lagt ned av visse innbyggjarar.

Det er også eit anna bilde som har teikna seg når me har jobba med frivilligheit i Midt-Telemark kommune: Det manglar rett og slett frivillige. Utan å ha forska på det, ser det ut som om mange lag slit med rekruttering og at det er stadig vanskelegare å få yngre midt-telemarkingar til å stille opp for å gjere dugnad. Det gjeld sjølvsagt ikkje over heile linja, og det er ofte nok av folk som stiller opp for å ta i eit tak nå og da, men å seie ja til å ta eit større ansvar, å leie og å drive lag vidare, det kan vere vanskeleg. I stadig fleire lag er det eldre folk som sit med styringa og legg ned innsats, sjølv om ungane deira for lengst er ute av aktiviteten. Me får høyre at mange i dagens foreldregenerasjon leverer og går – også på fritida, sjølv om det blir uttrykt ønskje om å engasjere seg.

Har det blitt slik at me er i ferd med å bli eit folkeslag som bare er seg sjølv nok? Som bare stiller krav og ikkje vil bidra, som foretrekker å dyrke oss sjølv framfor fellesskapet? Viss det er slik, er det i tilfelle veldig leitt for det gode lokalsamfunnet som me bur i. Her trengst folk til å bidra viss det skal bli noko av ting. Ein kan ikkje forvente å få alt ein er med på ferdig servert.

Dei fleste som er med på frivillig arbeid har stor glede av det. Dugnad og fellesskapet det gir fører til mindre einsemd. Derfor skal me alle vere frimodige nok til å utfordre direkte og invitere folk med i frivillig arbeid. Dei som blir spurt, kan gjerne takke ja. Det ligg nemleg både helse og humør i ei god gratis arbeidsøkt saman.