I VINDEN: Tidlegare har Annika Momrak vore med og leia Melodi Grand Prix. Nå ventar ny programleiarjobb.
Julia Marie Naglestad/NRK
Nytt TV-oppdrag for Annika (23): Får nok ein spennande programleiarjobb
Annika Momrak frå Bø har fått ei ny spennande oppgåve: Nå blir ho programleiar for P3 Gull.
Ifølgje NRK er det ein ny duo som skal leie musikkshowet P3 Gull, i regi av NRK P3. Bøjenta Annika Momrak får med seg Lars Berrum (36) på prisutdelinga den 26. november, som blir sendt frå H3 Arena på Fornebu på kanalane NRK1 og NRK TV.