Bergit Askildt Myrjord er død:
– Det er ein respektert politikar med ein sterk posisjon som har gått bort
Venstre-politikaren Bergit Askildt Myrjord døydde sist veke. Ho gjorde ein sterk innsats på mange felt i lokalsamfunnet, og skussmåla er gode.
Ein svært markant politikar gjekk bort då Bergit Askildt Myrjord døydde førre onsdag. Ho har vore aktiv på svært mange frontar, ikkje minst i politikken, der ho representerte Venstre. Ho var også aktiv i Bø ungdomslag, og ho var den første styreleiaren i Bø blad. I tillegg var ho nestleiar i det første styret for Gullbring og ein sterk forkjempar for Evjudalen.