Ansvarleg redaktør i Bø blad, Hilde Eika Nesje.
Ansvarleg redaktør i Bø blad, Hilde Eika Nesje. FOTO: Bjørnar Nesje

– I den situasjonen som kommunen er i nå, krevst det politisk ansvar

Det er litt mørkt og trist for tida. Det er nok fleire som synest det. Ein ting er dei som synest haustmørke november er ein tung månad i seg sjølv, men med krig og krise i nabolaget, og høge straumprisar som har overtatt etter to lange koronaår, kan sjølv den mest optimistiske kjenne på litt mismot nå. Viss ein i tillegg følgjer med på kommuneøkonomien i Midt-Telemark blir det kanskje altfor mykje å ta innover seg. Den ser ikkje god ut, og det er ikkje kjekt å høyre at ein nå må spare og kutte der det svir: I dei svakaste gruppene, i skular og på sjukeheimar.

Alvorstyngde lokalpolitikarar har nettopp fått første presentasjon av budsjettet for 2023 frå administrasjonen i kommunen. Dei kan gjerne bøyge hovudet i fortviling, rive seg i håret eller lene seg resignert tilbake, men er det éin ting dei ikkje skal gjere, så er det å ta hatten og gå. For det er nå me treng dei folkevalte som mest. Det er nå dei skal vise seg tilliten vår verdig og ta det taket som trengst for at kommunen skal kome seg økonomisk i mål. Me treng handlekraft. Det signalet fekk politikarane også tydeleg frå kommuneleiinga i det siste kommunestyremøtet. Det bør ordføraren og dei andre politikarane ta på alvor.

Dårleg økonomi, sparing og det å sette næring før tæring krev både kloke, modige og tøffe avgjersler. Det krev også val og prioritering, og det er her politikarane kjem inn. Det er dei folkevalte som må på banen nå. Dei må ikkje fråskrive seg ansvar og sitte og vente på serveringa frå administrasjonen i Midt-Telemark. Samarbeid må til og gjennomtenkte forslag på bordet. Politiske val skal synast, og alle folkevalte må trø til. Det er ikkje for ingen ting at det er vanleg å presentere alternative budsjettforslag. Sjølvsagt er det vanskeleg og krevjande, men i den situasjonen som kommunen er i nå, krevst det politisk ansvar.

Det er fleire eksempel på politikarar i kommunen vår som sit i offentlege møte og seier rett ut at dei forventar at administrasjonen skal gjere alt, og kome med forslag som ein bare skal nikke til eller riste på hovudet av. Administrasjonen har òg bedt om kroner til å hente inn ekspertise i krisetider for å løyse flokar, men har fått nei av dei folkevalte. Når den så legg konkrete forslag til løysing på bordet får den også ofte nei, men ingen alternative forslag tilbake. Slik opplever mange politikken i kommunen. Politikarane kan ikkje abdisere – dei er der for å ta val på vegner av oss, og ein må gjere vanskelege prioriteringar, uansett kor upopulært det blir.