Fast spaltist i Bø blad, Guro Kleppe Høibo.
Fast spaltist i Bø blad, Guro Kleppe Høibo. FOTO: Privat

– Eg er ny og kan skrive rolla mi på nytt. Det er skummelt, men også fint

Guro Kleppe Høibo er født på ein museumsgard på vestlandet og fant vegen til Bø som 2-åring. Her dansar ho, spelar fotball og bur saman med familien og ein skokk med dyr som gryntar, vrinskar, er ullete og fjørete. Nå er ho femten år gamal og går i 10. klasse ved Bø ungdomsskule.

Eg har nett starta i fyrste klasse. Endå ein gong. For dette er ikkje fyrste, på ein måte heller ikkje andre, nærmare tredje eller fjerde gong at eg kjenner meg liten, ny og i ei ukjend verd.

Eg har flytta til Skien for å gå på skule. Reist i frå det som var mitt, med nære lærarar, klassekameratar, ein heim og rutinar som var kjende, oversiktlege og kjære rammer i ganske eins kvardagar. I haust fann eg meg på ny i ein situasjon eg på førehand ikkje ante kva inneheldt. Trygg varm heim vart bytta med kaldt kollektiv, familie erstatta med tre andre jamaldringar frå Bø, og kjøleskapet som fylte seg sjølv var plutseleg eit ein sjølv måtte fylle.

Her bur me no i byen, bøheringane, frå same bygd og med ganske like utgangspunkt. Likevel klarer me ikkje å einast om kva som er kvitt og farga tøy, korleis og kor ofte trappa må støvsugast eller kor styrande straumprisane skal vere for vårt samliv og velvere. Bør me varme berre eitt rom og sitte saman der om kvelden? Er det for kaldt på kjøkkenet når ein må bruke vantar for å halde i bestikket?

Me får stipend kvar månad for å bu heimanfrå, saman med det kjem ansvar for innkjøp, også alt det småtteriet eg trudde berre fantast i ein heim. Fyrstikker, oppvaskbrikker, batteri og flekkfjernar, er faktisk slike saker ein må kjøpe på butikken. Likevel er innkjøp av mat det som krev mest, det er så utruleg dyrt og ein må tenke så langt for ikkje å sløse bort det ein kjøper inn. Eit brød et halve dagsbudsjett mitt. Tenk at eg før kasta skorpene eller let det stå å bli tørt på benken. No er mat pengar og eg sjekkar kiloprisen, forsøker å vere vâr freistetilbod som 10 kroners marknad og liknande, som eigentleg ikkje er billigare. Men det eg sparer mest pengar på er nok likevel å ta med mat heime ifrå, der er det framleis utømmeleg, der fyller kjøleskapet seg sjølv.

I fyrste klasse på vidaregåande er det berre nye menneske, eg kjenner ingen og ingen kjenner meg. Det er ikkje nokon som veit noko om kven eg er eller var som person då eg budde i Bø. Den rolla eg før hadde, fekk eg på barneskulen, kanskje allereie i fyrste klasse på Bø skule. Den har fylgt meg på godt og vondt, som ein kjent ven, men også nokre gonger som ein fiende, eller ei litt for trong ramme eg ikkje heilt valte sjølv. No, som fyrsteklassing i Skien, kan eg skrive rolla mi på nytt. Det er veldig skummelt, men også noko av det finaste eg gjer.