DESSE SEL BRA: Hans Eirik Kaasa og Monika Slåtta fortel at salet av koffertar er det som har auka mest i butikken det siste året.
Unni Buverud
Før gjekk det mykje i kaffiservise og godlukt hjå Monika og Hans Erik – nå er det andre varer som gjeld
Dei siste to åra har folk kjøpt dyre servise og godlukt, men nå er det koffertar som er den store salsvara hjå Monika Slåtta og Hans Erik Kaasa i Bø Steintøy og Parfymeri.
Høge straumprisar og auka prisar på varer, samstundes som samfunnet har opna opp att etter koronaen, gjer at folk i Midt-Telemark prioriterer annleis når dei handlar. Det merker handelsstanden godt.