FANN ALLE: Svein Bjørnar Lerum viser Appen frå stolpejakta. Her er han saman med Dag Einar Ragvin og Sindre Flø frå O-laget, og Hanna Haug, som også vann premie i stolpejakta.
Unni Buverud
Nå er jakta avslutta: Svein fant alle stolpane i år
55 personar fann alle dei 111 stolpane i årets stolpejakt. Ein av dei var Svein Bjørnar Lerum. Nå har han og 13 andre fått premie.
Stolpejakta starta i Bø i 2020 i regi av Frivilligsentralen som eit tiltak for å få folk ut på tur. Den fekk med seg Bø orienteringslag til å lage kart og sette opp stolpar, men i år har O-laget hatt ansvaret åleine.