EIN AV DEI HELDIGE: Tuva Ørstavik Telseth , her i aksjon under lokalmønstringa i vår, skal til landsfestivalen i UKM.
Bø blad, arkiv
Tuva dansa seg til landsfestivalen – dit skal også fleire midt-telemarkingar
Tre sceneinnslag, to utstillarar og ein konferansier frå vår kommune dreg til landsfestivalen i UKM i Trondheim neste sommar. Tuva Ørstavik Telseth er ein av dei.
Midt-Telemark blir godt representert på landsfestivalen i Ungdommens Kulturmønstring (UKM). Det er klart etter fylkesmønstringa i Vestfold og Telemark, som gjekk av stabelen i Hjertnes kulturhus i Sandefjord laurdag. Lokalmønstringa blei arrangert i mars i år, og då blei det klart at sju sceneinnslag, fem utstillarar og ein konferansier frå Midt-Telemark skulle vidare til fylkesmønstringa.