STRAUMSTØTTE: Midt-Telemark og Nome Næringsutvikling har dela ut straumstøtte. Aarnesgruppen AS er ein av verksemdene som har fått.
Bø blad, arkivfoto
29 bedrifter har fått lokal straumstøtte – Aarnesgruppen er ein av dei
Midt-Telemark og Nome Utvikling har innvilga 29 søknadar om straumstøtte frå lokale bedrifter. Det kom inn færre søknadar enn venta.
Ifølgje dagleg leiar i Midt-Telemark og Nome Utvikling (MTNU), Pål Kleffelgård, kom det inn færre søknadar enn forventa i den første søknadsrunden for lokal straumstøtteordning for Nome og Midt-Telemark kommunar. Spesielt frå Nome kommune var det få søknadar.