PROGRAMLEIARAR: Annika Momrak blir å sjå som programleiar på NRK laurdag saman med Lars Berrum.
Kim Erlandsen/Veronica Falsen Hiis/Tom Øverlie/NRKNRK
Laurdag skal Annika frå Bø leie direktesendt NRK-show. – Eg gledar meg veldig
Laurdag kan me sjå bøjenta Annika Momrak leie showet «P3 Gull» på NRK1 og NRK TV. – Eg er spent og gledar meg veldig, seier Annika.
23-åringen frå Bø får stadig nye utfordringar i NRK. Laurdag 26. november skal ho, saman med komikar Lars Berrum, leie direktesending av tv-showet «P3 Gull» frå H3 Arena på Fornebu.