FAST SPALTIST: Halvor Langåsdalen skriv fast i Bø blad.
FAST SPALTIST: Halvor Langåsdalen skriv fast i Bø blad. FOTO: Gro B. Røiland

– Det kan vera stutt mellom himmelsk lukke og død og forderving

Halvor Langåsdalen er pensjonert ektefødt og evigverande Hjartdøl. Utvikla seg via realskule og gymnas i Bø, studie i Oslo. Kom til Gvarv som lege i 1976. Vore allmennpraktikar, distriktslegevikar, tilsynslege for helsestasjon, skule, sjukeheim og rekonvalesentheim, rådgjevande lege for Trygdeetaten/NAV i «halve Telemark», utvikla Landbrukets HMS-teneste, for heile landet, som fagsjef helse i fleire år, siste 25 åra bedriftslege/dagleg leiar i bedriftshelsetenesta SAMT i Midt-Telemark. Nyt no tilværet som pensjonist, gjer ikkje meir enn eg må og kosar meg med familien som bestefar! For å halde meg mentalt vaken, er eg, med stor glede, medlem og leiar av av Eldrerådet i kommunen.

Det var ein gong ein lykkeleg sporv, fødd om våren og sommaren hadde vore varm. Mat var det nok av og han gledde seg dagen lang over å kunne leike i lufta under blå himmel. Så kom hausten. Vener og familie samla seg i flokk for å reise til Syden og kome unna den kalde vinteren som dei enten visste, eller skjøna på dei andre, ikkje var til å halde ut i her i landet. Men vår vesle sporv kunne ikkje skjøne den bekymringa, her var da framleis rimeleg varmt og matfatet berre auka med bær i store mengder. Nei, han ville ikkje gje seg ut på ein lang og slitsam tur mot noko han ikkje visst kva var.

Etter kvart vart det kaldare og han tok til å angre. Aleine var han og lite moro var det å finne på. Det var mykje regn og vind og han måtte heile tida jakte etter ly. Han heldt til på ein gard, der han fann restar av høy og kraup saman i den beste høydotten han fann, skjelvande og nokså trist til sinns.

Ein morgon vakna han til at det var blitt så ljost ute. Det var kvitt overalt! Den fyrste snøen var komen og det var noko han ikkje skjøna eller var budd på. Den var kald og dekte dessutan bakken og i trea slik at det var blitt enda vanskelegare å leite etter noko han kunne eta. Han kjende fortvilinga og angeren sige inn over seg. Kvifor hadde han ikkje følgd dei andre og reist. Ute på jorda gjekk det ein flokk kviger og subba. Mat fekk dei i sundrivne grasballar, men det var framleis litt dei kunne raske til seg under snøen.
Så kom huskatten Mons au ut. Vår sporv var redd for Mons, han visste at Mons meir enn gjerne kunne tenke seg eit sporvemåltid, men han såg han hadde noko til felles med Mons. Mons lika heller ikkje snøen. Han gjekk med lange forsiktige steg, og rista innimellom av føtene for den kalde, våte og ekle substansen. Likevel var han ute på marka, for han visste at det kunne finnast ei og anna mus.

Sporven våga seg au ut. Han hadde det litt enklare enn både mysene og Mons, for han kunne ta til vengene når det kneip. Men ufyseleg kaldt var det, og lite mat å finne. Han heldt seg like bak ei av kvigene i håp om at ho skulle sparke opp ein mark, ei bille eller kva det nå kunne vera. Så måtte, tilgje meg språket, kviga drite. Det gjorde ho der og da – ei skikkeleg kuruke! Men så ville skjebnen det slik at da var vår vesle sporv like bak henne og vart straks overlessa med varm kudrit, ei sann ræpe!

Plutseleg var kulda som vår vesle sporv skalv av borte. Det vart så velsigna varmt. Det var som han var komen til Paradis. Han vart så glad at han tok til å synge, eller kvitre, der under kuruka. Det høyrde Mons som var like i nærleiken. Han hoppa fram til kuruka og tok til å grave i henne. Straks fann han sporven som på ein augeblink vart til kattemat. Så må me vel seia snipp-snapp-snute, så var det eventyret ute!

Akk ja, slik er livets gang, det kan vera stutt mellom himmelsk lukke og død og forderving.
Dette var ein fabel og den skal ha ein moral, som gjeng slik: Det er ikkje alle som lesser deg ned med drit som vil deg vondt, og det er heller ikkje alle som hjelper deg ut av driten som vil deg godt, men om du opplever, trass alt, å ha det rimeleg godt trass i all driten, så hald kjeft!