GLEDELEG: Malene Stenstad og Sander Mæland blei gledeleg overraska over at Circle K-stasjonen i Bø blei blant dei beste. – Det er kjempebra, pengane går til ei god sak, seier dei.
Unni Buverud
Telemark-stasjonar gjev 43.000 til kreftsaka – Circle K i Bø ein av dei som samla inn mest
Circle K i Bø er på topp tre av bensinstasjonar som samla inn mest pengar då bensinkjeda hadde Aktiv mot kreft-kampanje i Telemark-området.
– Dette er kjempegøy! Folk i Telemark som vaska bilen bidrog til at stasjonane i området fekk samla inn 43.230 kroner til kreftsaka gjennom kampanjen. Dette kjem godt med og er eit innsamlingsresultat me er svært nøgde med. Tusen takk til alle som éin, seier Sverre Rosén, noregssjef i Circle K.