TOK SELFIE: Leiar for hovudutval samferdsel i fylkeskommunen, Liselotte Aune Lee, tok ein selfie med byggjeleiar Odd Arve Arnes (t.v.) og anleggsleiar Øyvind Svihus i Mesta da dei opna den nyasfalterte strekninga på sju kilometer på Klevarsida. Dei er ikkje like nøgde med asfaltbudsjetta for neste år.
Øystein Akselberg
Kan bli 80 år til neste gong ein kan feire ny asfalt med selfie
Politikarane i fylket som steller med fylkesvegane er bekymra for framtidas standard på vegane. Dei meiner at budsjetta for asfaltering er altfor magre.
Bø blad møtte hovudutvalsleiar for samferdsel i fylket, Liselotte Aune Lee (Ap), da den nye vegen på Klevarsida blei offisielt opna for kort tid sidan. Da var ho nøgd med å kunne vise fram sju kilometer med nyasfaltert veg. Ho og resten av utvalet for samferdsel i fylkeskommunen er ikkje like nøgd med asfaltbudsjetta for neste år.