VELKOMEN: Saman med Rune Nilsen (t.v), Anne Ruth, Bergit Norendal, Aslaug Torstveit, Aslak Gunnheim og Kjell Bitustøyl ønskjer Jorid Vale velkomen til julemesse.
Unni Buverud
Gardsnissen og medhjelparar ønskjer velkomen til julemesse
Sjølvaste gardsnissen byr på eplegløgg når Evju bygdetun opnar porten til årets julemesse. – Her blir det aktivitet for barn og vaksne, både inne og ute, lovar bygdetunleiar Jorid Vale.
Søndag 4. desember blir det førjulsstemning med gardsnissen for fleire generasjonar på Evju bygdetun. Gardssmia, beltevevarstugo, eldhuset, snikkarbua, knivkjellaren, fjoset og våningshuset tas i bruk. I tillegg blir det song og dans på tunet, og sjølvsagt gang rundt juletreet, for å nemne noko. Kring 30 frivillige jobbar med den tradisjonelle julemessa.