FRÅ NASJONALBIBLIOTEKET: Midt-Telemark bibliotek er eitt av seks bibliotek i Telemark som har fått pengar av Nasjonalbiblioteket.
FLYTTING: Formannskapet har gjort vedtak om at Midt-Telemark bibliotek skal flytte frå Bankbygget til Gullbring. Det har skapt storm blant mange kulturaktørar. FOTO: Øystein Akselberg

– Sparetiltaka framstår både vilkårlege og kunnskapslause

Trass i lovnader om fleire millionar i koronapengar og meir skatteinntekter, ser det ganske svart ut for økonomien i Midt-Telemark kommune akkurat nå. Det verkar faktisk ganske kaotisk, med reknestykke som ikkje stemmer, spareplanar som ser ut til å bli kasta rundt utan mål og meining og enkelte politiske vedtak som ikkje framstår å vere basert på innsikt i det ein gjer vedtak om.

Kommunen har dårleg råd, og sjølv om det blir protestar og høge rop frå dei som blir råka av kutt, er nok dei fleste innforstått med at når det står så dårleg til med økonomien i kommunen, må alle vere med på nedskjeringane. Det er bare måten det blir gjort på. I sak etter sak kjem det nå fram at det er total mangel på kommunikasjon og opplysande informasjon frå kommuneleiinga nedover i systemet. Dessutan ser det ut til at både politisk og administrativ leiing manglar tillit til både einingsleiarar og fagfolk ettersom desse verken blir høyrt eller sett, sjølv om det blir gjort viktige og avgjerande vedtak som gjeld akkurat deira avdeling.

«Me skapar framtida saman». Det er visjonen til Midt-Telemark kommune. Slike ord blir nesten ein vits når ein ser korleis ting er i dag. Orda fungerer tydelegvis ikkje i praksis. «Saman» betyr å gjere noko i fellesskap, og når kommunen kjempar med negative budsjett- og rekneskapstal er det desto viktigare å spele organisasjonen god saman. Det sit mange flinke fagfolk rundt omkring i kommunen som driv einingane sine godt og med stor fagleg integritet, og det sit kanskje også nokon i roller som dei kanskje ikkje burde hatt. Korleis det fungerer rundt på avdelingane er det leiinga sitt ansvar å halde rede på, men at ein må jobbe i breidda og ikkje frå toppen og ned er heilt sjølvsagt i ein stor organisasjon som Midt-Telemark kommune, i alle fall viss ein skal ha alle med på å kutte millionar.

Dei siste vekene har det vist seg at medverking frå både tilsette og brukarar i ulike avdelingar i kommunen som blir ramma av nedskjeringar, har vore mangelfull. Det gjeld avdeling for psykisk helse og dei som er knytt til både Mariposa og Driv, for ikkje å snakke om kultureininga. Med vedtaket til Formannskapet om å flytte biblioteket til Gullbring nå, har ein rett og slett hoppa bukk over alle faglege innspel og berekrafta i økonomien. Sparetiltaka framstår både vilkårlege og kunnskapslause, og slettes ikkje gjennomtenkte. Ein kan spare seg til fant, og nå bør stoppskiltet fram i kommunen. Hastverk gjev utan tvil lastverk.