OVERRASKA PRISVINNAR: Even Ellegard Westeng måtte opp på scenen og ta imot pris under premieren på juleshowet fredag kveld.
OVERRASKA PRISVINNAR: Even Ellegard Westeng måtte opp på scenen og ta imot pris under premieren på juleshowet fredag kveld. FOTO: Gro B. Røiland

Rektor overraska Even med Heidi Løvlunds minnepris

Ein overraska Even Ellegard Westeng måtte opp på scenen i Gullbring for å ta imot Heidi Løvlunds minnepris under kulturskulens juleshow fredag kveld.

Den 24 år gamle folkedansaren og -musikaren frå Gransherad er kulturskulelærar i Midt-Telemark. Fredag var han i Gullbring som danselærar for å følgje opp elevar som deltok på juleshowet.

Midt under showet tok rektor Guri Røsok mikrofonen for uannonsert å kunngjera vinnaren av Heidi Løvlunds minnepris.

– I år er tida kome til å dele ut prisen til ein utøver og pedagog som ikkje bur i Midt-Telemark, men som tilfører mykje kompetanse og engasjement til kommunen vår og fylket elles, sa ei løyndomsfull Røsok i innleiinga til prisutdelinga.

Rock, romfart og tindrande julemagi. Fredag var det premiere på årets juleshow

Lærar og dansar i landstoppen

– Kandidaten hevdar seg i landstoppen når han deltar på ulike kappleikar, også Landskappleiken. Kandidaten er svært allsidig. Han har sjølv deltatt som elev på kulturskulens fordjupningprogram i folkemusikk- og dans, er nå lærar i kultur–skulen og har sjølv overtatt ansvaret for folkedans i fordypningsprogrammet. Han underviser folkedans på ni ulike skuler i løpet av veka. Han er kreativ, nyskapande og opptatt av formidling. Det er ei ære og glede å kunne tildele Heidi Løvlund Minnefonds pris 2022 til Even Ellegard Westeng, sa Røsok.

Dermed måtte ein overraska danselærar opp for å ta imot diplom og gåvesjekk på 10.000 kroner.

– Har noko å lære av Midt-Telemark

– Det fall meg ikkje inn, men eg er veldig takknemleg, seier Westeng på telefon dagen etter tildelinga. Da er han på veg frå Gransherad til Bø for å vera til stades under den andre og siste juleshowframsyninga.

Den prisløna hallingdansaren har 20 prosent stilling i kulturskulen i Midt-Telemark. Her underviser han om lag 30 barn og unge i tre dansegrupper, to i Bø og ei på Evju bygdetun. Han har også ansvar for dans i kulturskulens regionale tilbod Folkemusikk fordjupning.

I tillegg har han åtte elevar i halling og folkedans i SFO på Gvarv skole, eit tilbod Nes Nasjonale Dansarring står bak. Han underviser elles i dans i Hjartdal, Tuddal og Gransherad.

Prisvinnaren trivst godt med å jobbe i Midt-Telemark.

– Det er fantastisk å jobbe ein stad der det er så bra miljø og skjer så mykje innan folkemusikk og -dans og der folkemusikken får ta så stor plass i kommunen. Her har andre kommunar mykje å lære av Midt-Telemark, seier Even Westeng.

LANDSKAPPLEIKEN: Even Ellegard Westeng i aksjon på dansegulvet under Landskappleiken i Vågå i 2019. FOTO: Gro Røiland

Minnefond sidan 1999

Heidi Løvlund Minnefond blei stifta i 1999 av familie og vener i djup takksemd for den omfattande innsatsen musikaren og entertainaren Heidi Løvlund (1961-1999) frå Bø la ned for musikklivet i bygda, spesielt for rekruttering og vidareføring av folkemusikk. Fondet blir forvalta av Bø kulturnettverk.

I år ville artist og folkemusikar Heidi blitt 61 år.

– Denne heilt uvanleg begava og livlege jenta døydde altfor tidleg, ho blei bare 37 år, sa Røsok under utdelinga.

I løpet av si ganske korte karriere rakk Heidi å bli landskjent. Ho spela hardingfele, seljefløyte, sjøfløyte, langeleik og neverlapp. Ho var songar, aller mest i gruppa Tiriltunga der Heidi også stod for mange av arrangementa.

Starta hardingfeleopplæring

Heidi var med på å starte opp hardingfeleopplæringa i Bø musikkskule i 1986 og etablerte Bø juniorspelemannslag på denne tida.

Samtidig hadde ho eit brennande engasjement for menneske frå ulike land som kom hit som flyktningar, og ho brann ikkje minst for Estland. Alt før jernteppet fall drog ho til Estland og lærte seg estisk. Da ho døydde, blei det arrangert minnekonsert for Heidi i Estland.

Minneprisen skal stimulere unge talent innan tradisjonsmusikk og tradisjonsdans i Bø og omegn ved å gje tilskot til vidare opplæring som kurs, instrument og andre stimuleringstiltak. Den kan også vera reisestipend til unge folkemusikarar frå Estland som ønskjer kontakt og samarbeid med folkemusikken i Telemark.

MINNEORD: Minneord om Heidi Løvlund, skrive av Kjell Bitustøyl og trykt i Bø blad i 1999.